|
|
Referat fra medlemsmøte i TAF og AAF 19. februar
2003
Møtet byrja som kunngjort klokka 19.00 i Autronica-hallen. 29 personar hadde møtt fram. TAF-leiar Birger Andresen tok ordet og ynskte velkomen. Fyrst opplyste han om at det var mogeleg å tinga fleire planisfærar. Pris kr 100. Deretter oppmoda han TAF-medlemene til å stilla opp til dugnad for å gjennomføra turar for skuleklassar til observatoriet i Bratsberg. Meir informasjon om dette kjem seinare. Ein ny medlem vart ynskt velkomen i TAF. Han heiter Tarek Yousef, og han er stipendiat ved NTNU. Det vart òg gjort stas på Marianne Kaspersen: Ho har vore medlem av TAF sidan oppstarten i 1999, men dette var den aller fyrste vanlege møtekvelden ho har delteke på. Hovudføredraget denne kvelden hadde tittelen «Masseoverføring til (kompakte stjerner og) svarte hull». Det var ved Nils Erland Leinebø Haugen, som er stipendiat ved Institutt for fysikk, NTNU. Som hjelpemiddel vart datamaskin med videokanon bruka. Eg vil ikkje gje att heile føredraget her, men nøyer meg med å setja opp eit oversyn over nokre av momenta som var framme:
Då føredraget var omme vanka det velfortent fagnad på Nils Erland, og så vart det opna for spørsmål. Mellom dei spørsmåla som kom opp, var problemstillinga med tidsskalaer. Etter kaffipausen la Birger fram dei ymse kandidatane i konkurransen om nytt emblem for TAF. Ein kan røysta over Internett til og med 28. februar. Som det siste punktet under tak fortalde Birger om den variable stjerna R Coronæ Borealis. Det er ei såkalla karbonstjerne, der grunnstoff nr. 6 utgjer ein stor del av materien. No om dagen er denne stjerna i utbrot. Ljosstyrken fell kraftig sidan stjerna bokstaveleg tala vert omgjeven av ei sotsky. Til sist avslutta Birger møtet, og oppmoda folk til å vera med på ei observasjonsøkt rett utanføre møtelokalet. Møteskrivaren hadde ikkje høve til å vera til stades lenger, så frå observasjonsøkta er det ikkje skrive referat. _______________________ |